Krokeide på Norgeskartet

 

Fanafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

 

Fanafjorden er fjordarmen som går frå Korsfjorden og 8,5 km inn til botnen av fjorden ved Fanahammaren. Sjølve fjorden endar ved ytre Milde og har Krokeidvika som avgrensing mot sør. Fjorden har ei djupne på ca. 100 meter ved utløpet med ca. 45-20 meter inst. Fjorden hadde rikt vintertorskefiske i tidlegare tider. Han er no ureina av husa ikring, men det er mogleg å få torsk og sei på opp til 7-10 kilo.

På Hordnes var det inntil om lag 1955 sildesalteri og ved Stend Mølle m.a. hermetikkfabrikk og mangearta småindustri som alginatproduksjon, målingsprodukt og til sist elektronisk industri som transformator og reaktorar til lysrør.

Rosendahl Industrier dreiv reperbane og framstilling av tauprodukt til først på 1960-talet ved utløpet av Fana-elva, der det au vart bygd eit lite kraftverk, som ved Stendaelva der det framleis er el-produksjon.

Tettstaden Fanahammaren som har historiske røter tilbake til 1100-talet var inntil 1960-åra prega av småbruk og arbeidarar ved bedriftene ved Stend Mølle og i Fossen (Rosendahl) med eit folketal på om lag 150 personar pluss tilgrensande endå 100 i Volladalen. Tilgrensande bygder på Hordnes og på Saganes hadde eit par hundre innbyggjarar.

Fanahammeren er no den raskast veksande tettstaden i Bergens-området når område i ein omkrets på 2-3 kilometer blir rekna med.

Inst i fjorden ligg Hordamuseumet, ei samling gamle bygg frå forskjellige stader i Hordaland.